Herrebunaden har sitt forbilde i mannsdrakten frå forrige århundre. I fyrste halvdel av 1800-tallet fram mot 1860 var knebukser og "steglatrøye" med vest den vanlige mannsdrakten i Sogn. Det heiter at trøya i indre Sogn var lys, mens den var mørk i ytre strøk. Rundt 1860 blei denne mannsdrakten avløyst av mørk sturr-trøye med lange bukser. Men framleis var det eldre folk som fortsatte å bruke "steglatrøye" fram mot dette århundret.

Vi leverer alle typar herrebunad og leverer over heile landet.

Sognebunad

Jakke
Lang åpen jakke i raud vadmel som er kanta med grøne ullband. Jakken er formsydd i ryggen, innsydd kile i sidene som gir jakken ei volang form nede, vifte/klaff på toppen av ermet og ståkrage med grøn besetning framme. Splitt på ermet med to store knappar.

Vest
Vest i grønt klede som er kanta med raude ullband i framkant og svarte ullband rundt krage. Ryggen er i baskerlin. Vesten er enkeltkneppa med 10 små knappar og har to sidelommer med brodert kant rundt lomme, samt ståkrage med broderi.

Knebukse

Knebukse med luke åpning i svart klede. Luka kneppast med 5 store knappar. Buksa har to sidelommer og knesplitt som lukkes med 4 store knappar og spenne. Innvendig på linning er det seleknappar. Knappane er i sølv eller tinn.

Jakke
Lang åpen jakke i kvit vadmel som er kanta med svarte ullband. Jakken er formsydd i ryggen, innsydd kile i sidene som gir jakken ein volang form nede, vifte/klaff på ermetoppen og ståkrage med svart besetning. Splitt på erme med to store knappar.

Vest
Raud vest i klede som er kanta med svarte ullband og grå baskerlin i ryggen. Vesten er dobbeltkneppa med 7 små knappar, 2 sidelommer og ståkrage.

Knebukse
Knebukse med luke åpning i svart klede. Luka kneppes med 5 store knappar. Buksa har 2 sidelommer og knesplitt som lukkes med 4 store knappar og spenne. Innvendig på linningen er det seleknappar. Knappane er i sølv eller tinn.

 

Jakke
Åpen, kort jakke i svart drapè med ståkrage, slag og to sidelommer. Jakken har faststrukket, vid mansjett og 2 knappar på ermene, samt 5 knappar på kvar side foran. Den er fora og har 2 innvendige lommer.

Vest
Vest med ståkrage, slag og to sidelommer i raudt klede med baskerlin i rygg. Vesten er kanta med svarte fløyelsbiser på krage, i framkant og på lommene. Den er knappa med 11 lenkeknappar i sølv midt foran og har i tillegg 11 sølvknappar på kvar side av lenkeknappane. I ryggen har vesten regulerbart spensel.

Knebukse
Lang bukse i svart drapè med 2 sidelommer med lukeåpning. Luka og buksa kneppes med 3 sølvknappar og ein underknapp ved luka. Linningen kneppes med ein ekstra stor sølvknapp og lommene kneppes også med ein knapp. Seleknappar er plassert på innsida av linningen. Knappane er i sølv.


Frakk til alle typar bunad

 

Frakk
Denne frakken er laga som eit supplement til bunadane, då det i visse situasjonar er nødvendig med eit ytterplagg. Den har ingen fast tilhøyrigheit.

Frakken har ståkrage og slag laga i vatnavstøytande klede. Den har to sidelommar, er fora og har to innvendige lommer. Frakken er knappa med tre knappar og har ei vifte/klaff på erma. Den rekk ned til knea og blir kun solgt i reine størrelsar.

Knappar i sølv eller tinn.



Sunnfjordbunad







Jakke


Åpen, lang og fora jakke utan krage i raud vadmel. Jakka er kanta med grøne ullband rundt halsen, i framkant og innanfor knappehola framme. Det er 8 svarte knappehol på kvar side av forstykket. Det er brodert med gul tråd rundt knappehola, mens endane har grøn trens. Rundt dei grøne ullkantane er det også brodert med gul tråd. Jakken har ter opne splittar i ryggen med broderi på toppen av kvar splitt. Jakken har to innvendige lommar.

Vest
Olivengrøn vest som er kanta med svarte ullband rundt ståkragen og i framkant. Vesten er enkelt spent og har 7 raude knappehol med gul trens på kvar side. Ryggen er i naturkvit vadmel og vesten er fora med naturkvit bomull.

Knebukse
Knebukse med luke i svart vadmel. Buksa har to sidelommer under luka, knesplitt emd tre knappar og knelinning som er festa med spenne. Luka kneppes med 7 knappar og ein underknapp. Seleknappane er plassert på innsida av linningen. Knebuksa er fora med eit elastisk materiale.

Belte
Korsstingbrodert belte, fora med baskerlin og kanta med grøne ullband. Belte er festa med ei brei spenne i messing eller sølv. Bunaden leveres også i barnestørrelse. Knappar i messing, sølv eller tinn.